ISBN: 9788274775008
Utgitt: september 2011
Språk: Norsk
Pris: Kr 379,00

Bøker > Filosofi og idéhistorie
Teologi og modernitet
Universitetsteologien i det 20. århundre
I det 20. hundreåret har det skjedd store og gjennomgripande endringar i det norske samfunnet. Hundreåret vart industrisamfunnets epoke, og den teknologiske og økonomiske utviklinga førte med seg ei rask urbanisering og endringar i livsform og mentalitet. Det moderne samfunnet fekk si mest markerte form i den sosialdemokratiske velferdsstaten etter andre verdskrigen. Økonomisk vekst, fleire og meir omfattande velferdsordningar, utdanningseksplosjon og eit organisasjonssamfunn som dei fleste hadde del i, gav føringar for utviklingsa. Endringane av samfunnets kjønnsroller har vore grunnleggjande viktig. Nyliberalismens gjennombrot på 1980-talet, i kombinasjon med konsumsamfunnet og ein aukande grad av individualisering av livs- og samfunnsformene, innebar store og raske omskiftingar som til dels braut med utviklingstrekk frå tidlegare i hundreåret. Globaliseringa førte dessutan til at Noreg har vorte tettare vevd inn i det internasjonale samfunnet.
På kva måte vart Kyrkja og teologien utfordra av eit samfunn i rask endring? Kva gjekk dei teologiske endringane ut på og kva førte dei til?
 
Boka har bakgrunn i eit felles forskingsprosjekt mellom det religionsfaglege miljøet ved Universitetet i Agder og Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Trass i Universitetet og Det teologiske fakultetet si to hundre år lange historie, har forfattarane konsentrert seg om det 20. hundreåret. 

Hallgeir Elstad (f. 1964) er professor i norsk kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Han har arbeidd mest med 1800- og 1900-talet, og har vore leiar for prosjektet om norsk teologi i endring i det 20. hundreåret.

Tarald Rasmussen (f. 1949) er professor i allmenn kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Han har arbeidd med europeisk og norsk kyrkjehistorie i seinmellomalder og nytid. Han er leiar for forskingsprosjektet Døden i tidlig protestantisk tradisjon.

Relaterte bøker

Sekularisme – med norske briller

Islamismen

Det ellevte budet

Lærer og menneske

Women and Religion in the Middle East and the Mediterranean

Relaterte bøker

Universitetet i Oslo 1811-2011

Forelesningens kunst

Universitetet og lærerutdanningen