ISBN: 9788274774704
Utgitt: mars 2011
Språk: norsk
Pris: Kr 479,00

Bøker > Kunstfag
Den illustrerte boka
Historia om norsk bokillustrasjon
Boka fortel historia om illustrert, norsk skjønnlitteratur frå om lag 1200 til i dag. Den omtalar 200 biletkunstnarar og over 300 litterære verk med ei vaksen målgruppe. Boka er rikt illustrert. Korleis ser illustrasjonane ut? Kva formidlar dei?  Kva tilfører illustrasjonane teksten? Korleis er forholdet mellom bileta og verbalteksten? Kva kan møtet mellom ein biletkunstnar og ein ordkunstnar resultere i? Fokus ligg på biletkunstnaren og bileta. Men fordi det er illustrasjonar, må ein også kjenne verbalteksten. Boka blir dermed både litteraturhistorie og kunsthistorie, men båe delvis fortalde på ein ny måte. Denne bokhistoria er så sett inn i ei historisk kontekst, der den tekniske utviklinga som gjer det mogleg å reprodusere bilete med tilfredsstillande kvalitet, har fått ein naturleg plass.
Nyheter og pressemeldinger

Vilborg S. Hovet er dr.art. med kunsthistorie, norsk hovudfag, fransk og idéhistorie. Ho har vore programsekretær i NRK, lektor i vidaregåande skole og på høgskule.